GLIMT……….
en blogg om tur, naTUR, store og små opplevelser

30. desember 2012

Desembertur i Ulsteinvik

Finver og vindstille i store delar av desember, men juleshopping og julebaks har stått i vegen for ein tur ut på fjorden. Veromslag med vind og regn kom sjølsagt når eg augna eit lite smutthull i familielivet, men så var det denne desemberrulla då som måtte i boks før årsskifte.......

Dagen før nyttårsaftan var det derfor opp tidleg før resten av gjengen opna augene, hive seg i bilen og så avgarde for å treffe Mildrid på Osnessanden att. Eg var ikkje vidare høg i hatten på ferga frå Sulesund der fjorden gjekk kvit utpå....

Neidå, Osnessanden ligg i le på søraust, kunne Mildrid melde. Greitt. Kjapt ut på vatnet og innover mot Ulsteinvik for oppvarming. I det vi runda lampa på Boholmen fekk vi vinden rett i fleisen. Ikkje ofte eg får målt kreftene mot vinden, så her var det berre å nytte høvet. Kan det ha vært rundt 8-10 m/s? Veit ikkje heilt, men deromkring. Stabil, sterk vind midt i mot. Det gjekk i grunn greitt etterkvart - litt rå makt inn i mellom, men ellers var det overraskande greitt å oppretthalde padlestilen sjøl om det var tungt.

Vi runda Dimnaholmen, og så bar det attende til det eg eigentleg kom for: rulle-i-kaldtvatn-i-desember....Jau- det VAR kaldt. Men det gjekk denne gongen og. Ikkje like leikande lett som i basseng- manglar litt snert på slutten, men heilt klart betre enn før og eg trur eg veit kva eg må jobbe med.

Eg fekk teste nytt sugekoppstativ til kameraet og. Ikkje den heilt store filmopplevinga akkurat, og underteikna må lære seg å halde munn medan kamera går, men heldigvis er det mykje ein kan fikse på i etterkant. Desverre var det flatt batteri når eg var klar for rulling..........


Godt Nytt År!










24. desember 2012

Julaften på Alnes



Så rakk vi det før det braket løs. En tur ut, vekk fra stess og mas. Noen timer ute i Vårherres katedral.

Ha en riktig God og fredfylt Jul.





PS! Takk Irene for inspirasjon og tips!

9. desember 2012

Skøytehelg på Mauseidvatnet



Egentlig hadde jeg padledate denne helga, men etter to uker med kuldegrader og barfrost har det lagt seg stålis på vatna rundt omkring. Ikke hverdagskost - her måtte det omprioriteres og skøytene blei gravd fram! Å gå på skøyter er vel nesten for vannsport å regne det også, så da så.......

Knallvær, minusgrader og hele familien på tur to dager til endes- for en luksus! Og jammen fikk vi ikke selskap av Lene også. Kjekt med noen som kan ta over som skøytepedagog når vesla slår seg vrang og synes at både skøyter og mamma er en dust. Mye å lære, se og oppleve- alt fra bobler i isen til frossne vannliljer og skumle drønn. Selv om isen blei målt til trygge 24 cm, er det ikke fritt for at vi skvatt til når isen sukket tungt og nye sprekker oppstod under beina på oss......

Skøyter er fantastisk moro! Havet ligger der toss alt tilgjenglig hele året, men stålis - dét er sjelden kost på våre trakter og bør utnyttes når anledningen byr seg!




5. desember 2012

Eskimorulle

No har eg skrytt på meg at eg kan rulle utan at eg eigentleg har noko bevis for det. Men her kjem det. Etter nokre gongar med bassengtrening under høvelege temperaturforhald løysna det endeleg. Lekker vert ein aldri med maske, våtdrakt og spetakkel,
men skitt au´.....





3. desember 2012

Mørketid

Å bli sett i mørketida er vikig ikkje berre langs vegen, men på sjøen og. REFLEKS er stikkordet- ei utruleg snedig oppfinning med uante bruskområder. Ikkje at eg padlar så mykje i mørkret, men sidan eg er litt svak for ting som glimrar (og diggar rockpool sine kajakkar, men ikkje vil bytte bort Romanyen), er det jo kjekt med eit høve til å pynte på kajakken.

Du treng:

Refleksband med lim, 10 cm breitt
Saks
Kulepenn
Pepparkakeform
Ein kopp espresso (eller noko anna godt)

Refleksbandet eg nytta hadde litt tekst på seg som eg IKKJE ville ha på kajakken. Då var det berre å plassere pepparkakeforma der det var tekstfritt, teikne rundt på utsida med kulepenn og klippe ut. Restar etter kulepenna vaska eg forsiktig vekk med raudsprit, og så var det ut for å pynte på kajakken. Resultatet er upåklageleg, både på dag og kveldstid. Det er vel heller tvilsomt om det held meir enn nokre sesongar, men då tek eg berre fram pepparkakeforma på ny!

Ideen henta eg hos denne gjengen (...etter all reklamen), som i tillegg til å ha utruleg vakre fargar på verdas beste kajakk (eg er sjølvsagt objektiv...), ser ut til å vite kva dei driv med på sjøen og.





Åra skal eg og pynte på same viset, men det får bli ETTER at eg har laga pepparkaker.......


1. desember 2012

Aksla

Er det noko vi er gode på her i huset, så er det korte langturar. Vannkoppar spolerte basseng og hotellovernatting i Geiranger, og slikt må sjølsagt kompenserast for. Minusgrader, finvér og lovnad om kakao etterpå - det vart ein finfin tur på Aksla i dag, og dagen vart ikkje så værst likevel....... 






Fyldig kakao med hint av chili

1,5 l heilmjølk
7 ss kakao
1 ss smør
sukker
1 ts kanel
1 knivsodd chilipepper (pulver)

Ca 5 dl mjølk, kakao, sukker, smør, kanel og chili kokast opp. La det koke i 5-10 minutter under stadig omrøyring til du har fått ein tjukk, kremete konsistens på kakaoen. Ha oppi resten av mjølka, og smak til med sukker. Varm kakaoen opp til kokepunktet. Drikkast rykande varm - gjerne med ein dæsj krem og eit kaneldryss på toppen!